Dette har vore ei spennande reise. Det som seinare fekk namnet
Gloppenmodellen starta med ei helsefagklasse på Firda vidaregåande skule hausten 2013. I løpet av de siste åra har denne
fagutdanningsmodellen bredd om seg og frå hausten 2021 er det klassar ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord som er lagt opp etter denne modellen.
Våren 2019 fekk ei prosjektgruppe beståande av Gloppen kommune
(prosjekteigar) og bruker representant, NAV Gloppen og NAV Vestland,
Firda vidaregåande skule og Vestland fylkeskommune og forskarar frå NORCE tildelt Tilskot til utvikling av kommunale integreringstiltak frå
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) for å vidareutvikle
Gloppenmodellen for drift, lage handbok, rettleiar og ein forskingsrapport.
Erfaringa dei fyrste åra var at oppstart av nye klassar, analyse av
behov og elevgrunnlag var svært personavhengig. Målet med
prosjektet var å gjere Gloppenmodellen meir robust og mindre
personavhengig. Ein rettleiar og ei handbok vil gjere det enklare både lokalt, men og nasjonalt dersom nye klassar skal startast opp og gjennomførast etter modellen.
Det har vore eit nybrotsarbeid, og prosjektet har vore gjennomført i ei tid med store endringar og begrensningar, med både
kommunesamanslåing, fylkessamanslåing, NAV regionreform, ny integreringslov, nye læreplanar, store regelendringar samt Covid-19 pandemien. Prosjektgruppa vart satt saman for å sikre at det vert utvikla ein rettleiar som er i tråd med alle etatane sitt regelverk.
Det er derimot viktig å påpeke at det å tilpasse modellen til nye lovar, og nye strukturar kjem til å vere eit kontinuerleg arbeid og i tida framover.
Prosjektgruppa vil takka for oppdraget, og for moglegheita til å jobbe med dette spennande og viktige arbeidet.