På Strukturplast på Sandane møter vi Nasradin Jigre Abdishakur. Han er ein av dei som tek fagutdanning i polymerkompositt etter Gloppenmodellen. Han er no på sitt andre i eit 4 årig løp. Han trivast godt på jobb og med denne måten å ta utdanning på. Det er flott å kombinere praksis og teori seier han.
På Strukturplast får Nasradin god og grundig opplæring i polymerkompositt faget. Han deltek i alle dei ulike operasjonane. Han er i bedrifta 2 dagar pr veke, så er han 3 dagar på skule.
Nasradin får praksis og seinare lærlingkontrakt i ei bedrift med ca 50 -60 tilsette. Han har mange kollegaer med brei og lang erfaring. Strukturplast utviklar og formstøyper spesialkomponentar til eit bredt utval av kundar. Alt frå fenderproduksjon til båtseter, livbåtar og komponentar til livdokker til Lærdal Medical, til å produsere baderoms møblar, aluminiumskomponentar for støtte handtak og elektriske sisterner. I tillegg satsa dei for å kunne produsere spesialkomponentar til oljebransjen både offshore og subsea.
Strukturplast as er godkjent lærebedrift for polymerkomposittfag, produksjonsteknikkar og cnc operatørar. Dei seier at Gloppenmodellen er ein svært god modell å jobbe etter og tenkjer at denne modellen og kunne vore nyttig for å kvalifisere andre til fagbrev.